Kommunalkomiteen på Stortinget har i dag i forbindelse med statsbudsjett for 2015 gitt en merknad som slår fast at kommunane må ha årlig del av verdiskapinga frå havbruk. Dette har lenge vore ein viktig sak for Nettverk fjord- og kystkommunar, eit nettverk av 55 kommunar langs kysten. Dette er ein viktig seier for nettverket.

-Det er gledelig at eit fleirtal i kommunalkomiteen har støtta dette prinsippet, seier leiar i NFKK, ordførar Ole L. Haugen. -For kystkommunane er ein årleg inntekt frå havbruksnæringa eit godt insentiv for å sette av sjøareal for framtidig vekst og kommunane vil få inntekter til velferdsgodar til innbyggarane.

Med lågare oljepris og redusert investeringsnivå innanfor oljesektoren er spørsmålet om kva me skal leve av etter olja meir og meir aktualisert. Eit av svara er havbruksnæringa. Noreg sin geografiske plassering er unik for oppdrett av fisk. Det er eit stort ansvar Norge har med å forvalte denne resurssen slik at me kan forsyne verda med sunn mat.

Kommunane som forvaltar sine område er ein nøkkelfaktor i å lykkast. Fram til 2050 er oppdrettsnæringa spådd ei seks-dobling. I havbruksmeldinga som regjeringa legg frem til våren er det nå grunn til å forvente eit konkret forslag til arealavgift som vil gi kommunane langs kysten ein årleg avgift frå havbruksnæringa.

-Skal me lykkast må det gode samspelet med kommunane som set av areal til havbruk halda fram. Difor har regjeringa i sin plattform offensivt sagt at kommunar som stiller areal til disposisjon for næringa bør oppleve større positive ringvirkningar frå aktiviteten, seier leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (FrP).

I kommunalkomiteen var havbruksnæringa tema når statsbudsjettet for 2015 var til handsaming. Fleirtalet i komiteen gjev uttrykk for at det er positivt at regjeringa har starta arbeidet med å la kommunane få ein større del av konsesjonsavgifta. Men det hjelper fyrst og fremst dei kommunane som tildeler nye areal no og kommunar som har vore positive til oppdrett over mange år og dermed disponert masse areal nyter ikkje godt av den ordninga.

-Fleirtalet i kommunalkomiteen, Framstegspartiet, Høgre, KrF og Venstre, seier difor at me er positiv til at regjeringa også vil sjå på dette og vurdere ytterlegare stimulans til kommunar til å sette av areal gjennom årlege del av verdiskapinga, kommenterer Njåstad.

-Fyrst ved årleg del av verdiskapinga kan kommunepolitikarane sei til innbyggjarane i kommunane at kommunen direkte får ein del av verdiskapinga. Me ser fram til å få på plass ei slik ordning, konkluderer leiaren av kommunalkomiteen.

NFKK ser fram til havbruksmeldinga i vår og budsjettet for 2016 der saka vil bli meir konkretisert og kvar enkelt kystkommune vil få ein oversikt over kva forslaget inneber for dei.