Ole L. Haugen- Statsminister Erna Solberg, eg håpar du vil lytta.

 

Den eventyrlige veksten i oppdrettsnæringa kan berre fortsetta dersom fjord og kystkommunane får meir igjen for å stille sitt reine og friske vatn til disposisjon for fisken i merdane. Statsminister Erna Solberg, eg håpar du vil lytta.

Fram mot 2050 er oppdrettsnæringa spådd ein eventyrlig vekst, frå 90 milliardar i dag til 550 milliardar kronar, altså ein seks dobling. Veksten blir ikkje verkelegheit utan at fjord- og kystkommunane får ein større del av inntektene, men utan at næringa får større utgiftar. I den kommande havbruksmeldinga og statsbudsjettet for 2016 må difor regjeringa gje kommunane ein større andel av inntektene. Det vil skape sterkare vekst- og miljøincentivar som er nødvendige om den eventyrlege veksten skal fortsetta.

Eventyrlig

Få trudde også at nokon hundre tusen kilo på 1980-tallet skulle ende med ein produksjon på meir enn ein million tonn kvart år. Langs kysten har oppdrettsnæringa bidratt til arbeidsplassar og verdiskapning. Eksportverdiane har økt frå 28.8 i 2004 til 42.2 milliardar i 2013. På same tid er antall selskapa redusert frå 926 til 158 oppdretsselskapar. Konsolideringa av oppdrettselskapar, forselskapar og anna leverandørindustri er hevda å ha vore med på å sikre ei næring med betre driftsmarginar som er meir robust i ein internasjonal konkurranse.

Tilgang på rein sjø og gode oppdrettslokalitetar

Oppdrett er industriell matproduksjon, men skil seg på nokon områder frå andre næringar og er meir lik andre som til dømes kraftutvinning. I tillegg til utstyr, smolt og for, er tilgangen på naturressursar den viktigaste innsatsfaktor. For oppdrett er rein og frisk sjø det mest avgjerande for å oppdrett yngel til vaksen slakteklar laks. I fjord – og kystkommunar stiller vi den reine og friske sjøen til disposisjon. Merdane ligg mellom våre holmar og skjær og i disposisjon. Dei fleste av innbyggjarane aksepterer fordi dei ser at det skapar viktige verdiar for landet vårt.

Berekraftig forvaltning

For fjord- og kystkommunar har kysten vore kjelde til verdiskapning og inntekta gjennom fleire hundre år. Vi har søkt å forvalta kystsona gjennom berekraftig bruk der vi haustar etter behov, men ikkje meir enn naturen kan gje innanfor berekraftige rammer. Slik forvaltar vi for framtidige generasjonar. Stadig fleire spør meg no: kva har vi lokalt igjen for anleggjande som ligg i og utafor vår strandsone? Enkelte kommunar opplev belastninga ved at tradisjonelle arbeidsplassar knytt til turistfiske i elvar forsvinn som følgje av færre villaks og økt innslag av lakselus og rømt fisk. Nokon
kommunar mister tidlegare lakseslakteriar og forfabrikker som følgje av konsolideringa av oppdrettsnæringa. Vi som kommunepolitikarar forsvarar tildelinga av konsesjonar ovanfor våre innbyggjarar. Ringverkningane bidrar til arbeidsplassar i mange kommunar, men det vert stadig færre. Nokon av dei største aktørane i oppdrettsnæringa står igjen med berre eit fåtal slakteria langs kysten. Vi aksepterer deira rett til å driva rasjonell forretningsdrift.

Ynskjer dialog

Men det er på høg tid å spørje korleis vi sikrar at ein rettmessig andel av verdiane som skapast vert igjen lokalt, hos oss som tek belastninga gjennom å få areal i sin kystsone beslaglagt og forringa. Vi spør oss, kva har vi igjen for det som gjer at vi kan forsvara ein fortsatt vekst. Vi invitera til ein diskusjon og eit samarbeid, mellom næring, myndigheiter og lokalpolitikare, om korleis vi kan realisere potensiale for vidare vekst som ligg i havbruksnæringa og korleis vi sikrar at ein rettmessig andel av verdiane vert igjen i lokalsamfunna. Vi håpar regjeringa og stortinget tek utfordringa. Alternativet kan raskt bli at kommunane sluttar å leggje til rette areal for oppdrettslokalitetar, og at vi får ein aukande misnøye i kommunane og i opinionen.

Vi tek ansvar

Vidare vekst i havbruksnæringa er ikkje mogleg utan at fjord- og kystkommunar tilrettelegg areal til havbruk. Om kommunane skal gje sitt bidrag til utvikling av fleire arbeidsplassar og økte eksportverdiar, til beste for nasjonen og storsamfunnet, så må kvar enkelt sitte igjen med en større andel av verdiskapinga. kommune sitte igjen med ein større andel av verdiskapinga. inntekt frå næringa, utan at næringa påførast økte utgiftar. Både næringa og fellesskapet har ein sterk eigeninteresse av at fjord- og kystkommunar gjer sjøareal tilgjengeleg. Som ordførar håper eg difor at regjeringa innser at fjord og kystkommunane må få nye inntekter gjennom den såkalla arealavgifta. Det vil gi både vekst og miljøincentivar.

Populær kystsak

Regjeringa kan her få ein populær sak i meir enn ein tredjedel av landets kommunar. 55 fjord- og kystkommunar går snart inn i ein viktig lokalvalgkamp. Kommunane treng inntektene for å utvikla betre lokalsamfunn med betre velferdstenester til innbyggjarane, og for å fortsetta den heilt nødvendige, ansvarlige og miljøvennlige tilrettelegginga av nytt areal. Dersom kommunane ikkje får sin rettmessige andel av inntektene frå havbruksnæringa, er det vanskelig å sjå at det er mogleg å realisera vekstpotensialet i næringa. Det ynskjer korkje regjeringa, næringa eller havbrukskommunane.